Plassebakken barnehage i Skodje

Barnehagen åpna i 1989, og har sidan den gong utvikla seg på mange område. Ved oppstarten hadde vi 36 plassar. I 2007/08 gjekk barnehagen gjennom ei større utbygging, og frå januar 2008 vart andelslaget utvida til 84 plassar. Sidan den gong har talet på plassar auka jamnt og trutt, og med siste utviding - åpning av avdeling i kjellaren - har vi no 96 plassar totalt. …er foreldreeigd, godt vedlikehalden og byr på gode lokale for store og små. Utbygginga i 2008 sikrar lokale som innbyr til utfalding i trygge og utviklande omgjevnader.

Ein barnehage med naturprofil

Eitt av satsningsområda Plassebakken Barnehage har er naturprofil. Det betyr at: Frå dei yngste til dei eldste i barnehagen – på tur med vogn på skogsvegar eller til topps på Frostadtinden – det høgste fjellet i Skodje kommune – får alle barna i Plassebakken Barnehage fine erfaringar med natur og friluftsliv. 

Generelt sett kan ein seie at medan leikeapparata på leike­området til barnehagen innbyr til bestemte måtar å bestige dei på, er det i naturen mogleg å finne sin eigen måte. Barna i Plassebakken Barnehage er heldige med uteområdet. Vi har god plass, naturlege utfordringar med kuppert terreng og varierte leikeapparat som gir utfordringar for ulike alder­strinn. Om ein ikkje klarer å klatre opp ein stad der dei eldre barna får til, blir det noko å strekke seg etter. Det blir då stas å kunne meistre det til slutt – noko som er viktig for mental helse og sjølvbilete. Leikeplassen vart totalrenovert i 2017. Vi har eit uteområde med leikeapparat beståande av tøm­mer og tau fordelt på eit «småbarnsområde» og eit «storbarnsområde» og er tilpassa ulike alderstrinn og utviklingsnivå, slik at alle barn får utfordringar i tråd med eiga modning. 

Viktig for oss er også området ved grillhyttene og skogsom­råda rundt som naturleg progresjon i utelivet. Naturen har ei utfordring for alle og serverar eit mangfald av moglegheiter. Utfordringane barna får, gjer at motoriske ferdigheiter blir styrka. Talet på konflikter blant barna og stressnivå vert kraftig redusert for både barn og vaksne når ein er ute i naturen.

 

Kontakt med dyr i eige, nybygd dyrehus

Vi meiner at kontakt med dyr er ein unik læringsarena for barna i alle aldersgrupper. Dyra våre er ikkje til matproduksjon, eller slakting, men det handlar om ein innfallsvinkel til korleis utvikle sosial kompetanse, sjølvkjensle og sjølvbilete for einskildbarnet. I tillegg gjev kontakt med dyr ei kjensle av å meistre, kreativitet, spørje- og vitelyst. Vi erfarer at barn vert tiltrekte dyra, og at dei gler seg over nærleiken og samspelet med dyra. Forsking hevdar at når eit menneske har fysisk kontakt med dyr, vert det utløyst positive endorfinar i kroppen som gjer at vi kjenner velvære. Vi erfarer at dyr appellerar til kjenslene våre. Barn som omgås dyr lærer å vise kjensler, spesielt omsorg, empati og respekt. Dei lærer empati ved erkjenning om at dyra óg har kjensler å ta omsyn til. Dyrehaldet er for Plassebakken Barnehage ein arena for heilskapleg læring – for livet, av livet.

 

I tillegg til å benytte oss av den fantastiske naturen i og rundt Skodje kommune, har vi ulike basar som vi brukar i det daglege arbeidet. Fuglen «Pippu» (frå logoen) får også vere med på tur av og til, slik som det eine biletet viser:

Dyra våre

…held til i nybygd hus ved grillhyttene. Her bor kaniner, marsvin, ender og flaskelam. Barna er dagleg med på stell av dyra, og får erfaring med og kunnskap om dyr. Barn og foreldre stiller også opp som avløysarar i helg og ferie. Dette er svært populært.

 

Trollskogen, Åsen­råsa og Apalviksætra

Tre av våre fantastiske, og ofte nytta turmål. Her ligg det godt til rette for opplev­ingar og læring i spanande omgjevnadar. Trollskogen, Åsenråsa og Apalviksætra gir næring til fantasifull leik og kreativ utfalding.

 

Grillhyttene

…vart bygd juni 2007 på dugnad. Her foregår mykje dei same aktivitetane som inne i barnehagen. Hyt­tene er plassert ca. 50 m fra barnehagen i eit flott naturområde. Barnehagen tilbyr foreldre og tilsette å leige grillhyttene.

 

Fjøra i Apalvika og Strømsvik

…ligg i passe gangavstand frå barnehagen. Her grillar, badar og utforskar vi når vi har høve til det.

 

Gapahuken og elva

…ligg i skogen i nærleiken av barnehagen. Vi har ein flott gapahuk og utedo. Her ligg det tilrette for gode opplevingar. Plassen byr på fiske, klatring, grill­ing, hinderløype, slynger og utforsking av skogen.

 

Til slutt…
Ved å erkjenne at leikens arena er den viktigaste av alle arena for barn i førskulealder, har vi som vaksne forstått noko om korleis barn lærer og utviklar seg. Det er avgjerande at barn har høve til å leike for å vere sosialt inkludert og utvikle sosial kompetanse. Personalet i vår barnehage skal ha solid kunnskap om dette. For oss er det viktig både å arbeide langsiktig og med eit “her - og - no”- fokus. I nokre samanhengar kan ein få inntrykk av at det som skjer i barnehagane, kun er til for å førebu barna på eit liv som sku­leelev, som arbeidstakar i eit yrke eller til “vaksenlivet”. Etter vårt syn har det som skjer i barnehagen sin eigen verdi, som ein uendeleg viktig del av noko som har verdi for barna her og no også; som en­keltindivid og som ein viktig del av fellesskapet rundt seg. Dette skaper eit viktig grunnlag for livslang læring.

Mange års erfaring med bruk av naturen og ressursane ute, har gjort oss endå fastare i trua på at naturen er den beste arenaen for leik, læring og utvikling. Vi ligg fantastisk til og legg vekt på å bruke naturen og miljøet rundt oss. Vi har dyr - som er ein styrke for naturprofilen vår og for det pedagogiske arbeidet. Vi har ei kompetent og engasjert personalgruppe som arbeider hardt for at kvart barn skal bli sett, kjenne seg verdifull, kjenne tillit til verda og menneska rundt seg - og vere rusta til å møte framtida som den beste versjonen av seg sjølv.